Framleis prega etter hovudsmellen – men no kan Weng køyre bil i 20 minutt

I over eit år var Heidi Weng (32) ein skugge av seg sjølv etter å ha slått hovudet i isen. Enno blir ho lett sliten – men har energi til både trening og å vere tante.

– Det blir i alle fall ikkje aktuelt med ny økt før klokka sju!

Heidi Weng har sett seg ned i ei trapp, lener seg mot betongveggen og lukkar auga. Klokka har passert 14.30, og det er tydeleg at ho er sliten etter vel to timar med intervju og promo-innspeling.

No ventar ho på å bli køyrd frå Høgskolen i Innlandets lokale i Lillehammer til hytta på Mosetertoppen. Ho må kvile.

Weng har alltid vore glad i å kvile. Men sidan ho slo hovudet i isen og pådrog seg ei kraftig hjerneristing i mars i fjor, har behovet vore prekært.

I over eit år var ho i praksis sett heilt ut av spel.

– Den er stort sett konstant, sa Weng om hovudpina då vi møtte henne på Sognefjellet i juni.

Trena med herrane
Men sjølv om ho no treng eit par timar i horisontal stilling, har noko skjedd i månadene sidan samlinga på Sognefjellet. Det var svært synleg nokon timar tidlegare på dagen.

Då hadde nemleg landslagskvinnene elghufsintervall i alpinanlegget på Hafjell. At Heidi Weng i det heile får lov å delta på harde treningsøkter, er noko nytt.

Før økta vimsa ho rundt i kjend stil.

– Nei, eg gløymde pulsbeltet! Det var nokon greier, konstaterte ho og lo ironisk av seg sjølv.

At ho gløymer ting, treng på ingen måte å vere symptom på at noko er gale for ein skiløpar som trass alt har teke NM-sølv med skidressen bak fram.

Allereie på det første draget sprang ho frå lagvenninne. I staden hengde ho seg på rekruttherrane.

Må bremsast
Etter fire drag skulle ho stoppe, men kjensla var så bra at ho vart med på eitt til.

– Litt kjipt, eg kjenner meg litt feig, måtte ho innrømme då herrane la i veg på det sjette draget.

– Eigentleg er det eit godt teikn, for det betyr at ho er vital. Men pulsbeltet kunne ho ha hugsa, vi liker å ha kontroll på treninga, seier landslagstrenar Sjur Ole Svarstad.

Han stadfestar at Weng er ein heilt annan no enn for tre månader sidan.

– Eg må bremse henne litt. Ho er ivrig om dagen, seier han.

– Eg synest eigentleg det losna i juli, seier Heidi Weng.

«Jøss, dette var ein bra dag»
Smertene er mindre og sjeldnare. Og ho trur det handlar om at ho, for å seie det med ein klisjé, har «teke grep».

– Eg jobbar veldig mykje med det eg har fått beskjed om å jobbe med, seier ho.

– Kva har du fått beskjed om å jobbe med?

– Eigentleg berre det å byrje på nytt. Øve på alt igjen.

Ein av tinga ho byrja å øve på, var å køyre bil. Ho måtte utfordre seg sjølv til å køyre i svingar.

– Plutseleg kunne eg køyre i 20 minutt utan at eg merka noko og tenkte «jøss, dette var ein bra dag». Du blir ekstra fornøgd med at det kjennest bra då, og «dette klarte eg», seier ho.

Sjarmert tante
I januar vart Heidi Weng dessutan tante. 32-åringen kjenner det hjelpte henne gjennom den tøffe fjorårssesongen, der ho måtte trekkje seg frå VM-laget på grunn av hovudproblema.

– Det er kanskje det mest positive. Søster mi bur 100 meter unna og eg er vel stort sett innom kvar dag, om det er ein time eller mindre eller meir, seier ho, og smiler breitt.

– No seier han «Heidi», og det blir eg sjarmert av. Det er utruleg koseleg.

Sjølv om sist vinter i det store og heile vart spolert, fekk Heidi Weng med seg ein pallplass frå verdscupen. Det seier mykje om potensialet når ho no faktisk får trena.

Kanskje blir ho den tøffaste konkurrenten til svenskane til vinteren.

– Det hadde vore gøy det. Vi får no sjå, seier ho.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *